www.sport-natur.com © • Terje Brekkhus

                                           

 

 

   

                                     

 

 

 

Sogn og Fjordane er eit sykkelfylke.

 

Bildet viser Aarseth rittet 2011. Rundbaneritt i Høyanger.

 

Ellers flott å sykle langs Sognefjorden heile året rundt.

--------------------------------------------------------------

 

 

 

 

 

Voss og omegn er perfekt for utflykter med terrengsykkelen.

-------------------------------------------------------------------

 

 

På denne sida vil det koma forslag om korte-til dagslange turar med terrengsykkel i turtempo. (Når det vårast litt meir, så kjem det ferske bilder på denne sida).

 

 

 

 

Eks:  Rundt Vangsvatnet

 

  • Distanse  ( 20 Km. )          
  • Varigheit/tid  ( ca 60 min. )           
  • Profil   ( Lettkupert )
  • Vanskeleg
  • Middels
  • Lett  ( * )
  • Underlag  ( Bra asfalt, går fint med racer.)
  • Mat/Drikke ( 1 flaske )
  • Severdigheiter ( Kunsthandverkarskulen, Bordalsgjelet, event. bølgesurfing ved Lilandosen )
  • Sjå bildene frå sykkelturen til Olav Stenrud her.

--------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

 

 

 

 

Når det gjeld landevegssykling, så er det ikkje så mange vegar å ta av, men tar ein avstikkarar så kan ein samla mil på Voss og i nabokommunar.

 

 

Voss - Granvin - Ulvik - Granvin - Voss   ( ca. 10 mil )

 

 

Populært er å ta retning mot Granvin i Hardanger.

Gang og sykkelveg startar ved Voss Cement og går like til Moe ved Skjervet. Fin svingete nedkøyring i Skjervet og deretter kort til neste sykkelveg ( gamle traseèn til Granvinsbanen ) som tar til ved innkøyring til Seim Camping. Forset til enden av Granvinsvatnet.

 

No kan du velja om du vil vidare utover Hardangerfjorden eller snu tilbake ut på hovudvegen mot Ulvikahøgdi. Like etter kyrkja tar du av opp til høgre ( delvis grusveg ) og til høgre i neste vegkryss om du syklar til Ulvik.  Vert det for kort, kan du spe på med vegen ut til Brurarvik eller mot Osa. Returen går samme vegen som ned.

For ein vel trena syklist, så er dette ein 4 timars tur. Med litt stopp og

turtempo, kan ein plussa på 2 timar.

 

Vannberar fyller flasker på Ulvikahøgdi 8.april 2009.

 

Litt meir fristane å ta seg ein sykkeltur på Ulvikahøgdi i juli mnd.

--------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

 

 

GODE TIPS/RUTER?  Send dei! Gjerne med bilder.

 

 

 

 

 

 

 

Frå Trefjellsturen

 

 

 

 

 

Dagstur med landevegssykkel:

-----------------------------------

 

 

VOSS - DALE - VOSS

 

 

Startar ein frå Voss sentrum i 7 tida om morgonen, skulle ein koma heim til middagen er varm.

 

  • ca. 170 Km.
  • Gode 6 timar. ( pluss på minst 2 timar for turglade )
  • To harde fjellovergangar.
  • Litt vanskeleg.
  • Både bra og dårleg asfalt.
  • 2 store flasker på sykkel som må etterfyllast og rikeleg med mat. Kanskje eit par gel òg.  
  • Mange små gardsbruk, flotte vassdrag, handbygde tunnellar, flokkar med geit og nærbutikk med cola.

 

 

Du syklar gamlevegen frå Voss mot Bulken og vidar til Evanger, der du tar av innover Teigdalen mot Brekkhus. Eit stykke før Brekkhus stig vegen oppover  Nesheimsfjellet og vidare ned Eksingedalen.  Følg skilting vidare til Dale og opp Bergsdalen. Vel oppe, passerar du Hamlagrø med Hamlagrøvatnet på høgre sida heilt til du kjem til nedkøyringa mot Dalane og Bulken. Ta til høgre der og vegen på sørsida av Vangsvatnet mot Gjernes og Voss sentrum igjen. God tur!

 

Hugs lykt - då nokre gamle tunnellar manglar lys!

--------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rundtur med Terrengsykkel:

---------------------------------

 

STALHEIM  - BREKKEDALEN - FRESVIK JORDALEN - JORDALEN - STALHEIMSKLEIVI - STALHEIM

 

 

Ta sykkelen i/på bilen og køyr til Stalheim Hotell eller like ved. Vent til snøen er borte vekk frå fjellet. Men ha med nok kle allikevel, då ein er i lange periodar i fjellet.

 

  • KM? ( kjem snart)
  • Nyt dagen på sykkelen
  • Tre fantastiske dalar
  • Litt utfordringar ned tunnellane frå Jordalen. LYKT!
  • Bra stølsvegar, kan vera sleipt nedover i tunnellane, asfalt i og mot kleivi.
  • 2 flasker som må etterfyllast og mat/gel. LYKT!
  • Stalheim Hotell, museum, flotte stølar, geitebruk, mjølkeproduksjon, gardsbruk, skule og Stalheimskleivi med storstilt utsikt mot Jordalsnuten og Nærøydalen.

 

 

 

Dette er ein tur som egnar seg best når snøen er langt borte og det har tørka opp på stølsvegane og sola varmar skikkeleg. Ein haustdag er absolutt å anbefala. Då ligg moltemyrane der og lokkar. Og for ikkje å snakka om alle blåbæra. God halvtime å køyra med bil frå Voss sentrum opp til nærleiken av Stalheim Hotell, der det kan vera aktuelt å parkera.

 

Tips:

Kan vera lurt å ha med seg litt ekstarutstyr, så som ekstra slange, dekkspakar, pumpe, skum eller patron. 

Universalverktøy som inneheld kjedekuttar.

Vindvest

Lett regnjakke

Fotoapparat

Mobiltlf.

Lys til sykkelen ( sjekk batteriene før avreise ).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 terje.brekkhus@gmail.com

 

 

 

 

 

 

 

Turtips»

 

 

Fotogalleri»

 

 

Blogg»

 

 

 

 

 

 

VOSSEVANGEN CK

 

RALLARVEGEN

 

VÆRET PÅ MALLORCA

 

TRUGELAGET